Av: Susanne Hjelmeset
18.11.2009 @ 14:00
Norsk Lokalradioforbund føretok for litt sidan ei tilfredsheitsundersøking blant sine medlem, for å ta temperaturen på diverse problemstillingar og for å sjå kor tilfreids det generelle medlem er med forbundet sitt. Resultata var jamnt over positive.
Undersøkinga vart sendt ut til 157 medlem og svarprosenten var på 78,1%. Nesten 30% er innom lokalradio.no dagleg og 45% tek seg ein tur innom vekentleg. Dei fleste er nøgde med informasjonsstraumen på nettsidene, men nokon tykkjer den er for lav og dei skal nok bli høyrt i 2010. - Det er flott å sjå at 100% av dei som har følt trong til å kontakte NLR, har gjort det, og at fleirtalet av desse har fått den hjelpa dei var ute etter, seier dagleg leiar Erik Fagernæs.
På spørsmål om lyttarundersøkinga Norsk Lokalradioforbund har i samarbeid med tns Gallup, etterlyser medlemma meir informasjon. Dette har samanhang med tns Gallup sine endringar i datasystemet, noko som igjen har ført til forseinkingar rundt kvartalsrapportane. - Vi vonar alt er tilbake til normalen ved Q1 neste år, seier informasjonssekretær Sigmund Holtskog.
Ca 50% av medlemma er pessimistiske til digitalisering av radiobransjen. Ved vidare utspørjing kjem det fram at dei fleste er usikre på det økonomiske grunnlaget, og mange fryktar ei nedprioritering av lokalradiobransjen. Dette resultatet var ein av grunnane til at styret i Norsk Lokalradioforbund vedtok at saka om eventuell deltaking i eit eige selskap for digital kringkasting skal avgjerast på landsmøtet i Fredrikstad neste år.
|