Av: Susanne Hjelmeset
30.07.2010 @ 02:09
Andre kvartal av lyttarundersøkinga vil vere klar i veke 32, i mellomtida er det kome nye Supernovatal med tal frå veke 27 2009 - 25 2010.
Det vil med andre ord vere mogleg å få laga seg spesialrapportar med tal inntil den siste veka i juni. Neste oppdatering kjem i august, og vil innehalde juli-fila og den vanlege halvårsrapporten på web vil også vere klar. TNS Gallup held delvis stengt i juli, med 50% lavare utval i Forbrukar & Media undersøkinga, som er den CATI_tala kjem frå.
Merk at ein må ha betalt fakturaen som kom i mai for å motta lyttarundersøkinga.
|