Av: Pressemelding
29.07.2010 @ 11:42
Studentradioen i Bergen utlyste igår ein offentleg pilotkonkurranse der dei oppfordrar alle i Bergensområdet som kunne tenkje seg å lage ein time vekentleg radiosending å delta. Konkurransen er ikkje begreinsa til studentar.
Med dette vonar radioen å finne noko spesielt, noko kreativt, noko spanande som kan komplementere det allereie breie programtilbudet som SRiB tilbyr i dag. Vinnaren av konkurransen er tiltenkt ein time i beste sendetid, laurdager frå klokka 11.00 til 12.00.
Konkurransen er åpen for alle og fristen for å levere inn bidrag er satt til 19. august. Vinnaren vert offentleggjort live på radioen laurdag 21. august klokka 11.00.
Den fulle utlysninga finn du her.
For spørsmål eller henvendingar, ta kontakt med ansvarleg redaktør Marius Kjørmo på ansvarlig.redaktor@srib.no eller på telefon 55545147/99440697.
|