Av: Susanne Hjelmeset
20.10.2009 @ 04:33
I januar 2008 lyste Medietilsynet ut konsesjon for lokalradio for perioden 2009 - 2016. Etter reutlysing og ny klagerunde har Kultur- og kyrkjedepartementet 21 månader seinare endeleg tatt sin konklusjon. Nå vurderer NLR om konsesjonsprossen bør granskas.
Under Radiodager i Oslo den 24. september ga statssekretær Wegard Harsvik uttrykk for at "det meir var snakk om dagar enn veker" før departementet ville konkludera i klagesakene. Nå har det likevel enda opp med at det har gått "veker". Store delar av lokalradiobransjen er med dette ført inn i ein håplaus situasjon. Styret i Norsk Lokalradioforbund vil seinare i haust vurdera å be Sivilombodsmannen å gjennomgå heile konsesjonsprosessen når han er avslutta.
Bransjen er innstilt på oppstart av ny konsesjonsperiode frå nyttår av. Dei stasjonane som har fått konsesjon, ventar på avklaring. Det er nå vel to månader til konsesjonsstart, og mange aktørar vil ha vanskar med å starta opp med sendingar frå nyttår. På den andre sida er det svært vanskeleg for eksisterande stasjonar å avvikla sendingane på ein forsvarleg måte når situasjonen framleis er uavklart.
- Mange kontraktar med tilsette og huseigar har ei oppseiingstid på tre månader. Då er det ikkje lett for aktørane å framstå som ryddige arbeidsgjevarar, seier styreleiar i NLR, Vigleik Brekke.
På styremøtet i midten av november vil lokalradioforbundet vurdera å be Sivilombodsmannen å gå gjennom heile konsesjonsprosessen.
- På den måten kan ein uavhengig og nøytral instans gå gjennom korleis Medietilsynet og departementet har handtert prosessen med tildeling av konsesjon for lokalradio, seier Brekke.
|