Av: Vigleik Brekke
03.11.2009 @ 01:15
Laurdag 31. oktober markerte Radio Folgefonn at stasjonen har passert 25 år. Dagen vart markert med omvisning i Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum og Galleri Rallaren i Tyssedal og jubileumsfest på Haranger Hotell i Odda.
Radio Folgefonn fekk sin første konsesjon av Kultur- og vitenskapsdepartementet 17. august 1984 og har hatt det mest omfattande sendarnett for lokalradioar i landet. Med sine 22 sendarpunkt kan stasjonen nå 40 000 lyttarar i ni kommunar. Stasjonen sender 24 timar i døgeret og har sitt hovudstudio i Odda. Stasjonen overfører kommunestyremøta i Odda, Kvam og Voss. Dei viktigaste inntektskjeldene for stasjonen er reklame og bingo. Redaktør for Radio Folgefonn er Tone Mannsåker. Ivar Nistad er dagleg leiar, medan Knut O. Dale har vore styreleiar dei 10 siste åra.
På jubileumsfesten vanka det helsingar og gåver for kommunetoppar og næringsliv. Mellom anna var det helsingar frå næringslivsleiarar, Norsk Lokalradioforbund (NLR), RadioRiks, Hardangerrådet og kommunane Odda, Kvam og Eidfjord. NLR var representert på jubileumsfesten ved styreleiar Vigleik Brekke.
|