Av: Susanne Hjelmeset
22.03.2010 @ 09:23
I mars har Norsk Lokalradioforbund hatt møte med leiar i familie- og kulturkomitéen på Stortinget, Gunn Karin Gjul (04.03) og statssekretær i Kulturdepartementet Roger Remme Solheim (17.03). Forbundet har vore representert ved dagleg leiar Erik Fagernæs, styreleiar Vigleik Brekke og informasjonssekretær Sigmund Holtskog.
Styreleiar Brekke seier at dette var to konstruktive møter der forbundet fekk presentert viktige saker lokalradiobransjen arbeider med for tida. På møta vart det understreka at NLR primært arbeider for eit likebehandlingsprinsipp når det gjeld mediestøtte. Forbundet støtter prinsippet om å arbeida for ei innretning med plattformnøytral ordning, slik også Mediestøtteutvalet har i sitt mandat.
- Vi fekk også gje uttrykk for vårt syn på digitalisering av lokalradio. Kartlegginga som Medietilsynet har gjennomført, syner at lokalradiobransjen er delt i synet på om lokalradio skal digitaliserast eller ikkje, og om det bør fastsetjast ein endeleg slukkedato for FM-nettet. Det viktigaste i denne saka er at lokalradio vert teken på alvor og at mangfaldet og ytringstilgongen vert sikra, seier Brekke. I løpet av 2010 skal Kulturdepartementet etter planen leggja fram ei stortingsmelding om digitalisering av radio.
Som fylje av at Erik Fagernæs er sjukmeld, var det Sigmund Holtskog som deltok på møtet med Kulturdepartementet.
|