Pål Lomeland, Aslak Sommerfeldt Skretting, Mari Velsand, og Hanne Nistad Sekkelsten. Foto: Medietilsynet
Mediepolitikk

Medietilsynet møtte lokalradioene

Nylig var Norsk lokalradioforbund på kontaktmøte hos Medietilsynet. Her fikk lokalradioene blant annet mulighet til å legge fram sin sak i forbindelse med forlengelse av FM-konsesjonene.

Dette er møtet slik det er omtalt på hjemmesiden til Medietilsynet. Det er derfor det er på nynorsk: 

Nyleg var Norsk Lokalradioforbund på gjesting hos Medietilsynet. Møtet er eitt av fleire kontaktmøte Medietilsynet har for styrkje dialogen med mediebransjen.

På møtet gjekk Medietilsynet gjennom tilsynets strategi for å fremme mediemangfald og kritisk medieforståing i Noreg, samt dei viktigaste prosjekta som skal støtte opp om strategien. Medietilsynet jobbar no med ei befolkningsundersøking om kritisk medieforståelse, og har starta arbeidet med å levere årlege statusrapportar på mediemangfoldet i Noreg.

Tilsynet jobbar også for få på plass hyppigare marknadsrapportar om mediebransjen. Medietilsynet orienterte vidare kort om oppdraget frå Kulturdepartementet om å utgreie framtidig distribusjon av lokalradio på FM. Denne utgreiinga skal leverast til departementet i mai. Som eit ledd i dette arbeidet vil Medietilsynet be om innspel frå aktørane for å få synet deira på framtidig distribusjon av FM.

Norsk Lokalradioforbund er svært oppteken av verdien av FM for lokalradioen si framtid, og meiner at lokalradiobransjen treng meir tid for å klare overgangen til digitalradio (DAB). 30 prosent av aktørane som sender på FM har parallelldistribusjon på DAB. Lokalradioforbundet meiner vidare at lokalradiobransjen treng FM for å klare investeringane på DAB og ønsker ei forlenging på FM fram til 2031. Forbundet ga uttrykk for at det vil gi tryggleik for investeringar og vedlikehald i denne overgangsperioden. Norsk Lokalradioforbund representerer 121 lokalradioar med til saman 238 innhaldskonsesjonar og utgjer om lag 80 prosent av lokalradiobransjen.

f.v. Stian Elverum, Thor Magnar Thorsen, Pål Lomeland, Aslak Sommerfelt Skretting, Mari Velsand, Bjørn Tore Østeraas, Kristine Meek, Robin Welhaven Føyen og Hanne Nistad Sekkelsten. Foto Medietilsynet

Om forfatteren

blank

Kyrre Dahl

Kyrre Dahl har over 30 års erfaring som programleder og journalist i radiobransjen. Han driver bransjenettstedet radionytt.no, jobber for bl.a. Radionyhetene og diverse lokalradioer. Dahl er også nettredaktør på lokalradio.no.

Legg til kommentar

Klikk her for å legge igjen en kommentar