Rita Stavn som fersk tekniker på 90-tallet Foto: Radio Hallingdal
Radionyheter

En epoke er over i Radio Hallingdal

Etter 35 år  bak spaker, mikrofoner og i ledelsen har Knut Medhus og Rita Stavn overlatt styringen av lokalradioen i Hallingdal til yngre krefter. Her deler de noen erfaringer: 

– Det er mange høgdepunkt gjennom 35 år bak mikrofon og spakar og det er kanskje urettferdig å plukke ut nokre. Entusiasmen var jo svært stor omkring i mange år og det var svært hyggeleg  å møte folk. Me oppdaga heldigvis ganske fort at me trefte folk heime, me laga noko dei ville høyre på og me fekk ein trufast lyttarskare som med naturlege utskiftingar har halde seg hjå oss, forteller Rita Stavn og Knut Medhus, som spesiellt trekker fram den årlige påskeradioen:

– Påskeradioane våre har vore arbeidssame, slitsame, men fylte av moro og godt samhald og er årets høgdepunkt når det gjeld direktesendingar. Då skal alle høyre på RH!!

Det har skjedd mye på Radio Hallingdal gjennom 35 år, men lokalradioens medarbeidere har også vært på flere jobber i utlandet:

– Me har vore så heldige og fått tilskott til spennande reportasjereiser til nordmenn i utlandet. 3 turar til det norske USA, til Kenya for å følgje Def Aid sitt arbeid der, Bolivia for å følgje Geilojenta Vibeke Tingvoll Øen i arbeidet med gate barna i Cochabamba og til Guatemala for å laga reportasje om samarbeidet mellom Ål kommune og Solola. Alle desse turane har sett svært gode minner att hjå oss. Me fekk formidle spennande og ukjent stoff tilbake til Hallingdal og ein av programseriane skaffa oss også Heidersprisen! , forteller Stavn og Medhus.

Rita Stavn og Knut Medhus i Bolivia FOTO: Vibeke Tingvoll Øen

Hvorfor og hvordan begynte dere med lokalradio?

Knut Medhus:

– Eg har vore ein radioentusiast sidan eg oppdaga Radio Luxembourg på 208,6 Mellombølga!! Når moglegheita til å starte lokalradio kom, var eg ikkje lenge om å setja i gang eit arbeid for å få det til. Folk stilte opp og me fekk til utruleg mykje på rein dugnad. Fyste sending 28. juni 1985. Lysta til å formidle både aktuelt stoff og kulturstoff, politikk m.m. har vore drivkrafta og det har vore 35 innhaldsrike og spennande år i ein jobb der du ikkje kunne telle timar og sende overtidsrekning – dugnaden har vore der heile tida i tillegg til fast jobb frå 1989.

Rita Stavn:

– Eg kom tilbake til Hol den sommeren som radioen starta, og vart trekt inn som frivillig medarbeider. Berre me som har vore med i ein slik oppstart kjenner entusiasmen, den tekniske mekkinga og all moro det førte med seg. Eg er stolt over at me har klart å behalde noko av denne entusiasmen gjennom 35 år. Spesielt at me har klart ein påskeradio med så mange dugnadsfolk involvert, som er livsnødvendig for økonomien, men som er avhengig av eit svært dyktig og ivrig frivillig mannskap.

Knut Medhus som fersk redaktør FOTO: Radio Hallingdal

Hva tror dere om fremtiden for radio generelt og for Radio Hallingdal spesielt?

– Å spå om framtida skal visstnok vera ein vanskeleg øvelse. Me veit at FM nettet blir slått av (viss ikkje ei ny regjering snur på den) og me veit at DAB satsing kostar pengar RH ikkje har. Derfor er det ufordrande tider. Men at radio vil leva vidare er eg heilt sikker på, det er eit medium  som ingen kan slå! Så spørs det om lokalradioar på RH sin storleik frå vilkår som gjer at den kan leva vidare. Me var eingong ein stor lokalradio i og med at me dekte fleire kommunar, no er me ein miniradio pressa frå alle kantar! Men god radio vil alltid overleva – det handlar om å treffe lyttarane heime!

 

Om forfatteren

blank

Kyrre Dahl

Kyrre Dahl har over 30 års erfaring som programleder og journalist i radiobransjen. Han driver bransjenettstedet radionytt.no, jobber for bl.a. Radionyhetene og diverse lokalradioer. Dahl er også nettredaktør på lokalradio.no.

Legg til kommentar

Klikk her for å legge igjen en kommentar