Torsdag kveld fikk lokalradioPionér Knut Medhus overrakt Kongens fortjenstmedalje. Ein uvitande Knut vart for ein gong skuld utan ord ei lita stund.
NB: Skrevet av Rita Stavn og Kjell Haugo
Knut Medhus var med frå starten då kringkastingsmonopolet vart oppheva, og ein annan halling Lars Roar Langslet tillot etablering av nærradioer. 28. juni 1985 kunne ein stolt redaktør lede si fyrste sending i Hol Bygderadio (seinare Radio Hallingdal). Det skulle bli 35 år med lokal radio for Hallingdal. Då han nærma seg vanleg pensjonsalder var Knut ikkje klar for dette.
– Eg er fortsatt svølten sa Knut. Sulten på å jakte nyheiter, formidle den gode historie, men også dei tunge og vanskelege. 35 år med 24/7 vakt og 30 år utan påskeferie med lønnsvilkår som om han hadde fortsett som lærar som er hans eigentlege yrke.
Utan formell utdanning som journalist men med eit usedvanleg stort pågangsmot, nysgjerrigheit og stor glede av å formidle skulle Radio Hallingdal bli ein omtykt radio av lyttarane. I tillegg vart det prisar. Lokalradioprisen i 2003 og for produksjonar med AV-fondet sin pris i 1999 og Fagutvalgets 2. pris i 2005. Toppa prisrekka i 2014 med Fagutvalets heiderspris for programserien om Deaf Aid i Kenya. (Forøvrig forrige gong Knut har vorte taus)
Knut Medhus overleverte ein lokalradio med godt omdømme, mange lyttarar, peng på bok og eit mannskap med frivillige medarbeidarar då han ga seg 31.desember 2020.
Engasjementet til Knut som er bakgrunnen for tildeling av medalje er enormt. Heile hans liv har han deltatt i frivillig arbeid. Idrettslag, historielag og spesielt har han vore aktiv med ymse kulturaktivitetar. Forfattar og lokalpolitikar – også her med kulturarbeid som hovedfelt. Og eit stort engasjement i Holsbygda der han bur med å få til aktivitetar.
Heldige er me som får samarbeide med Knut. Aldri redd for å ta eit tak sjølv, arbeidslyst og arbeidsglede. Det smittar heldigvis! Og som han sjølv sa til lokalavisa Hallingdølen på spørsmål om han har drive med alt dette for heiderens skuld
– Nei, det har aldri vore i mine tankar. Eg har vore ute etter resultat, og at folk skal få det triveleg der dei er. Dette er veldig stort.
Gratulerer Knut! Me er særdeles stolt over at H.M. Kongen tildelte deg medalje i Frivillighetsåret 2022 – det høver berre så veldig bra!
Kjell Haugo
Rita Stavn
initiativtakarane