En uhøytidelig prat om sommer og radio med diverse lokalradiofolk. I dag Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, som er redaktør og fjellgeit!
Eg heiter Ragnhild Kristine Vartdal Espelund og er redaktør og dagleg leiar for Radio Sunnmøre. Radioen er den nest største lokalradioen på Sunnmøre som sender 24/7 på DAB, og i tillegg sender vi på FM. Per 1. juli gjer vi det med ei stilling på 100%, og til hausten kjem det inn ein ny medarbeidar i 60%. I tillegg til radio er eg ei fjellgeit og ein hobbybakar, og mor til tre born.
1. Hva gjør du i sommer?
I sommar blir det sjølvsagt ferie etterkvart, og då blir det Sunnmøre og austlandet som står i fokus, og så skal vi få teste ut Norway-cup for fyrste gong.
2. Hva eller hvem inspirerer deg?
Dei som inspirerer meg er journalistar som har laga gode og interessante intervju der dei har gått djupare og annleis inn enn media som symjer i flokk. Og når ein høyrer at dei klarer å treffe ein nerve hos meg som lyttar/sjåar og gjer meg nysgjerrig på å ville vite meir. Det gir meg nye idear og inspirerer til vidare arbeid. Og ikkje minst å treffe menneske sjølv som har ei nær historie som treff midt i hjarterota.
3. Ditt beste sommerminne?
Mitt beste sommarminne er dei somrane det er blå himmel og tørt til å bestige dei flottaste fjella på Sunnmøre.
4. Hva hører du på om sommeren?
Det blir både radio, musikk og podkast om sommaren. Per no har eg starta å lytte til podkasten Espen er kristen.
5. Hva er din favoritt-sommerlåt?
Eg har aldri klart å halde meg til enkeltsongar som favoritter. Musikk generelt er favoritt og gjer alt mykje enklare, kjekkare og ein blir i godt humør. Om det er på fjelltur, i bilen eller på kjøkkenet. Så klarer nok ikkje å trekke fram ein særskilt, men dei typiske sommarlåtane kjem som regel alltid på.
Har du forslag til noen som bør være med på Sommerpraten, send en epost til post@radionytt.no




